Kommunane må bu seg på massevaksinasjon

Det er viktig at planar for massevaksinasjon kjem fullstendig på plass i kommunar i Innlandet.
Nyheter

Det skriv Statsforvalteren i Innlandet på sine sider.

Det er sannsynleg at vaksinen frå AstraZeneca blir godkjend i slutten av denne månaden. Leveransane kan komme allereie i første halvdel av februar, og det kan bli aktuelt å sende ut mange dosar nasjonalt over få veker.


Enda ei koronavaksine godkjend til bruk i Norge - Fleire vaksinar vil seie fortgang i vaksinasjon

Onsdag 6. januar godkjende EU-kommisjonen Moderna si vaksine til bruk i Europa og Norge. Det skjer etter at Det europeiske legemiddelkontoret (EMA) anbefalte å gi vaksinen ei betinga godkjenning.


Dette vil medføre at ein massevaksinasjon må skje i kommunane, så det er no viktig at planar for massevaksinasjon kjem fullstendig på plass.

Vigga vil følgje opp korleis dette vil gå føre seg i Lesja og Dovre.


Koronavaksinering er i gang i Lesja og Dovre:

Totalt 27 er vaksinert til no: - Fått signal om at folk vil ta vaksinen

Førre veke starta koronavaksinasjonen i Lesja og Dovre. Så langt er 10 stykkar vaksinert i Lesja og 17 i Dovre. Varsling om innkalling til vaksinasjon vil komme som SMS eller ei telefonsamtale.



Her får Solbjørg (91) den fyrste koronavaksinen i Lesja: - Eg har ikkje sprøyteskrekk så det gjekk fint

No er koronavaksinen komme til marknaden, og dei fyrste sprøytestikka skal endeleg skje. Hjå oss er dette på Fredheim på Dovre og sjukeheimen ved Lesja helsehus.