Reinsdyra er blitt kannibalar: - Superspesielt fenomen

Bilete av villrein som gneg på gevira til kvarandre, uroar forskarar. Dei trur fenomenet kan bli kobla til skrantesjuke.

Gevirgnaging: Reinsdyra sine før så staselege gevir blir ete ned til berre stubbar. (Illustrasjonsbiletet er av ein reinsdyrbukk ved Gråhø på fjellet mellom Kvam og Vinstra i Gudbrandsdalen.)  Foto: Paul Kleiven/NTB

Nyheter

– Dette er det merkelegaste eg har sett i heile min karriere, seier professoren på Institutt for biovitenskap ved Universitetet i Oslo Atle Mysterud til Apollon.

- Har med miljøforhold å gjere

Nye bilete teke på Langfjella visar ein reinsdyrflokk der mange av dyra berre har att stubbar av deira ein gang så staselege gevir. På ein video kan ein tydeleg sjå at ein rein gneg på geviret til eit anna, tilsynelatande utan at denne reinen bryr seg nemneverdig.

Det er tidlegare kjend at reinsdyr og andre hjortedyr kan finne på å gnage på såkalla fallgevir, altså felte horn som ligg på bakken. Teorien er at dei felte gevira inneheld mineral som dyra treng.

- Men dette er noko ganske anna enn å gnage på kompisane sine som i høgste grad framleis er i live, seier Mysterud.

Fjellet si nomade har blitt stadfast. Kan mangelen på areal ha ført til ein så akutt mangel på naudsynte næringsstoff at dei rett og slett har blitt kannibalar?

- Mykje tyder på at dette fenomenet har med miljøforhold å gjere. Normalt flyttar reinsdyra seg over store område for å få tilgang til det dei treng av næringsstoff. Det kan tenkjast at dei gneg på kvarandre for å få i seg dei minerala dei desperat treng, seier Mysterud.

Observert mange plassar

- Dette er eit superspesielt fenomen. Det er urovekkjande og sært på alle vis. Eg er frykteleg nysgjerrig på kvifor reinsdyra gjer det, seier forskar Olav Strand ved Norsk institutt for naturforskning (NINA) til Nationen.

Gevirgnaginga har blitt observert i både Rondane, Knutshø og Snøhetta.

- Det er mykje av det i Nordfjella i Hardangervidda og i Setesdal Ryfylke. Men det er neste fråverandre i område som Forollhogna og Setesdal Aushei, opplysar Strand.

Per dags dato kan dei ikkje peike på direkte årsakar til gevirgnaginga, men moglege forklaringar er mineralmangel, stress og fragmenterte leveområde.

- Det er i hvert fall noko som ikkje er bra, fortel Strand, og legg til at dyras kondisjon kan spele inn.

Det er er mykje mindre av gevirgnaging i flokkar med rein som har god kondisjon.

Info om skrantesjuke

Det er ein prionsjukdom som rammar hjortedyr og er 100 prosent dødeleg. Overføring av smitte kan skje ved direkte kontakt mellom infiserte og ikkje-infiserte hjortedyr, men også indirekte ved at dei kjem i kontakt med smittestoffet i miljøet rundt seg. Det er ikkje rapportert smitte til mennesker eller andre dyr enn hjortedyr.

Dei første tilfella med skrantesjuke i Europa vart funne i Norge våren 2016. Då blei sjukdommen påvist hjå ein villrein i Lærdal og hjå to elgar i Selbu.

Grunnen som ligg bak at skrantesjuka kan bli spreidd, er nett gevirgnaging. Det kan gi gjenteke eksponering for sjukdom, få den til å endre seg i ein ny vert og dermed utvikle seg til ein veldig smittsom variant.