Desse får årets kulturpris i Lesja

Det er no klart kven som får kulturprisen for 2020 i Lesja kommune.

Kulturprisvinnar: Lesja historielag får kulturprisen for 2020 i Lesja. F.v.: Hans Enstad, Odd Reidar Hole, Tor Einbu, Oddvar Romundset, Rolf Sørumgård og Sigmund Kolstad.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

Denne veka vart det vedteke i livsløpsutvalet at Lesja Historielag får tildelt prisen.

Kommunens kulturpris er på 10 000 kroner og skal gis til eit lag eller ein enkelperson som i inneverande år eller over tid har gjort ein særs positiv innsats for kulturlivet i Lesja.

– Dette var stor stas, og passer oss godt sidan vi feirar 40-årsjubiluem i år, seier leiar for historielaget, Oddvar Romundset.

Han har vore leiar sidan 2011, og er takksam for prisen på vegne av historielaget.

Lesja historielag har fleire kulturaktivitetar som gjer dei aktuelle til å ta imot ein slik pris.

– Hovudprosjektet vårt er jo årboka som vi gjev ut kvart år. Lorkverna er jo også eit stort prosjekt, kor vi har ein god del aktivitetar. I tillegg har vi ein del arrangement, fortel Romundset.

Dei er også i gang med eit nytt bokprosjekt, der dei vil samle ein oversikt over buer i fjellet, som Kai Ove Riise er ansvarleg for.