Storberget skal leie barnehageutval

- Barnehagane er ein viktig del av det norske velferdssamfunnet. Utan barnehagane stoppar Norge, seier Statsforvalteren i Innlandet Knut Storberget.

Ser fram til det: Statsforvalteren i Innlandet, Knut Storberget, ser fram til å starte arbeidet.  Foto: Statsforvalteren i Innlandet

Nyheter

Som ein del av statsbudsjettet for 2021 ba Stortinget regjeringa om å sette ned eit hurtigarbeidande utval for å utrede finansieringa av private barnehagar. Utvalets leiar er oppnemnd av Kunnskapsdepartementet.

KS, Private Barnehagers Landsforbund, Virke, Utdanningsforbundet og Fagforbundet har oppnemd eit medlem kvar til utvalet.

- Dei private barnehagane er viktige for å sikre barnehageplass til alle og for å utvikle kvaliteten i tilbodet. Difor ser eg fram til å starte arbeidet med å sikre god, forutsigbar og berekraftig finansiering av eit så viktig velferdstilbod, seier Storberget.