Trippelfeiring på søndag - Kva skal du feire?

Søndag 14. februar er det både Valentines, morsdag og fastelavn. Det vert ein dag fylt med tre gode grunnar til å feire familie og vener i denne rare tida.

Fleire bonusar: Å ete fastelavnsbollar samstundes som ein feirar kjærleiken.. Kan det bli betre?  Foto: Det glade kjøkken, Jess Baily/Unsplash

Nyheter

Denne dagen kan bli ein veldig koseleg dag, uansett om ein vel å feire alle tre eller berre éin.

Valentinsdagen er alltid den 14. februar og er ei feiring av kjærleik og romantikk. Feiring av valentinsdagen oppstod på slutten av 1500-talet. Det har mest sannsynleg opphav i folkeleg tru på at fuglane byrja å pare seg på denne dagen. Eit anna mogleg opphav er som ei overlevering av dei romerske Lupercalia-festlegheitene. Tidlegare var dagen ein festdag for to martyrar med namn Valentinus. I Norge vart det i 2015 omsett valentinsdagsprodukt for anslagsvis 255 millionar.

Fastelavn er eit ord som stammar frå det nedertyske ordet for "kvelden før fasta", som vil seie dei tre dagane før fastetida, den romersk-katolske kyrkja si fasteperiode på 40 dagar før påske - ikkje rekna med søndagar. Fastelavn er alltid på ein søndag, sju veker før 1. påskedag. Klassikeren fastelavnsbolle vert sjølvsagt laga denne dagen. Dei vart tidlegare knytt til feitetysdag, dagen før den kristne fasta starta på askeonsdag.

Sist men ikkje minst er morsdagen. Det er ein heidersdag for mødre og landar på varierande datoar i forskjellige land. I Norge vert morsdagen feira den andre søndagen i februar. Morsdagen vart til å byrja med arrangert av religiøse organisasjonar, men no har dagen gått over til å bli ein familiedag der mødre vert varta opp med kaffe på senga, blomar og kake.