Lesja gjekk ut av fjoråret med folketalsauke – for første gong på 10 år

Fem lesjingar meir ved årsslutt enn når 2020 starta. Det syner Statistisk sentralbyrås befolkningsstatistikk for 2020, som kom denne veka.

Det var folkevekst i Lesja i 2020, her er utsikt over Lesja frå Tussheim. 

Nyheter

Det er første gong sidan 2010 at det er fleire innbyggjarar ved årsslutt enn det var ved starten av året. Lesja er den einaste kommunen i regionen som ikkje har folketalsnedgang i 2020, og klokka ut 2020 med eit innbyggjartal på 1980 personar.