Det er aldri for seint å prøve noko nytt:

Jørgen (82) er heilfrelst på yoga

– Eg måtte ta eit krafttak, så eg ikkje vart krakksitan, fortel Jørgen Nørstegård frå Lesja, som har hatt slitasjegikt i 30-40 år.

Yoga-Jørgen: Jørgen Nørstegård frå Lesja er på yoga ein gong i veka. Han har slitasjegikt - artrose - som gjev smertefulle, stive og hovne ledd, oftast i kne, hofter, hender og ryggrad.   Foto: Anne Marie Aa

Nyheter

Ein gong i veka ruslar han opp bakken frå huset sitt og inn på Lesja stasjon. Der er eitt av romma smakfullt innreia i duse fargetonar, og behageleg musikk smyg seg rundt og inn i ein og skapar ro i sjela.