Ein registrert som smitta i Dovre - Er ikkje busett her

Onsdag 24. mars kom det inn eit smittetilfelle på Dovre i VG sin oversikt over smitta i Norge.

Det er ingen som er koronasjuke i Dovre per no. 

Nyheter

Det har vist seg at smittetilfellet ikkje er på Dovre.

- Det er ingen som har smitte i Dovre no. Det som kan ha skjedd her, er at det mest sannsynleg er ein student eller liknande som har tatt ei prøve der dei bur også har denne vore positiv. Dei kan ha hatt bustadsadresse på Dovre og blir difor registrert her, forklarar helse- og rehabiliteringsleiar i Dovre, Hege Lorentzen.

Ho har vore i kontakt med smittesporingsleiar for å bekrefte at det ikkje er nokon i Dovre som faktisk er sjuke.