Her blir søte påskekyllingar til i Lesjaskog barnehage

Aktive barnehender kan med hjelp av grønsåpe, vatn og ull lage flotte kunstverk.

Skylling: Eirik og Oscar får hjelp av Stella Aaheim til å skylle ut grønsåpa. 

Nyheter

I barnehagane er det alltid ekstra aktivitet før ei høgtid. Slik er det også rett før påske for ungane i Lesjaskog barnehage. Her har alle fått laga seg ein eigen påskekylling, som får vere med heimatt til påske. Dei var ikkje ukjende med kunsten å tove ull, men noko rettleiing måtte til. Det var både gul, oransje og raud ull å bruke, og dei kunne sjølve velje korleis nebb og hanekam skulle sjå ut. Etter at kyllingen tørka skulle alle få auge, slik som kyllingar faktisk har.