Her er Per Audun (90) på sykkeltur i Lesja sentrum

No har bebuarane både på Eldres senter og på Lesja helsehus moglegheit til å ta seg ein sykkeltur rundt i bygda, utan å bevege seg av flekken.

Ute på tur: Per Audun Høgbrenna syklar seg opp frå Prestegardsbrua på Lesja.  

Nyheter

Dette får dei til framfor tv-skjermen, ved hjelp av løysinga «Motiview». Her kan dei sykle korte turar i heile Norge, og i resten av verda. I dag er det ein film frå Lesja, og det skal i løpet av året komme ein frå Lesjaskog. Sykkelen har motor, så du treng ikkje å kunne bruke føtene for å legge ut på sykkeltur. Men den kan også drivast med muskelkraft, slik at det kan bli ei treningsøkt. Det er også råd å bruke hendene til sykkelturen, om ein heller vil det.