Ny hytte gir ny giv i Lesja Røde Kors

Det skal vere sagt at heilt ny er ho ikkje. Men etter mange dugnadstimer framstår korpshytta på Myrin som ny, og gjer at det denne påska er ekstra triveleg å ha vakt.

Klubbhytta: Bjørn Atle Brendjord, Ingrid Svelstad og Anne Evensen Torsgård er tre av dei engasjerte hjelpekorpsarane i Lesja. I påska har dei vakt på hytta på Myrin.  

Nyheter

– Jammen her var det fint, her har det forandra seg, utbryt Marita Aaheim, som stikk nasen innom hytta for å sjå på resultatet etter mange dugnadstimer med oppussing.