To av tre nordmenn blir heime i påska

I alt 63 prosent held seg heime i påskehøgtida, medan 29 prosent seier nei til heimepåske.

Fleire destinasjonar oppmodar om at det skal haldast avstand, dette er frå Hemsedal.   Foto: Torstein Bøe/NTB

Nyheter

Mange er likevel usikre på planane, viser Opinions koronamonitor.

Delen som skal vere heime i påska har auka i mars, men talet er likevel godt under nivået i fjor, viser undersøkinga. Då sa heile ni av ti nordmenn at det vart heimepåske.

– For enkelte er påska allereie i full gang. Nokre er på hytta, medan fleire sit på sofaen heime. Litt forvirra er nok mange uansett, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Ho viser til at tre av ti av dei spurde framleis er usikre på planane for påska. Det kan ha samanheng med at mange synest koronareglane og retningslinjene er forvirrande.

No seier fire av ti at dei synest det er vanskeleg å vite om dei heile tida følgjer retningslinjer som gjeld dei. I snitt har delen lege på 36 prosent, som er 3 prosentpoeng høgare enn mars i fjor.

– Det er litt underleg at eit heilt år med nasjonal trening i pandemi og tiltak heller har gjort oss meir usikre på regelverket enn nokon. Vi er meir usikre no enn då Noreg stengde ned med dei mest inngripande tiltaka i fredstid, seier Clausen.

Til saman er 6.300 nordmenn i år og i fjor spurde om påskeplanane, og 63.000 er spurde om synet på tiltak.

(©NPK)