Dei tilbyr nemleg gratis kontroll av russebilar- og bussar
Rettleiing i regelverket
Køyretøyet som vert godkjent i kontrollen, får oblat i vindauget. Då slepp russen dei større tekniske kontrollane langs vegen i mai.
- Vi er opptekne av at russen skal ha ei sikker russetid, også på vegen. Vi vil difor kontrollere flest mogleg køyretøy for å sikre at dei er i god stand, seier senioringeniør i Statens vegvesen, Jannicke Sjøvold.
Dei kan også hjelpe til med å sette russen inn i regelverket når det gjeld ombygging av bussar til russebussar.
- Vi kan rettleie slik at ombyggingane både vert lovlege og trafikksikre, seier Sjøvold.
Det er også viktig at russebilen- og bussen har ein sjåfør med dei rette kvalifikasjonane og at denne passar på passasjermengda.
Dette sjekkes på kontrollen:
- bremser, hjuloppheng og styring
- seter og bilbelter
- taklast/takrigg
- materialer innvendig, som brannfare, skarpe kantar og innfesting
- elektrisk anlegg – vis samsvarserklæring fra elektroinstallatør
- nødutgangar
- ulovleg signalhorn
- godkjenning på EU-kontroll
Merk at den tekniske kontrollen ikkje erstattar ein EU-kontroll.