Venta stor snøskredfare i Nord-Gudbrandsdalen - Ligg på raudt nivå

Våren i bygdene våre er ganske snøtung desse siste dagane i påska, og den store mengda snø kan resultere i skred.

Vind og tett snø: Det laver ned og meir blir det.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

Både Lesja, Bjorli og Dovre opplev no kraftig snøfokk. Det er kvitt både i lufta og på bakken medan snøen dett tett.

Fortsett måndag og tysdag

På Bjorli er det spådd å kome 16 mm, på Lesja 9,1 mm og Dovre 3,9 mm.

Snø og kuling ventast å gi snøfokk på fjellovergangane mot vest i Sør-Norge. Kraftig vind og snøbyger fortsett måndag og tysdag.

Dette gjeld for Jotunheimen, Fjellstrøkene Trollheimen - Strynefjellet og Fjellstrøkene Dovrefjell - svenskegrensa.

Ver obs: Nord-Gudbrandsdalen, då spesielt Reinheimen og Dovrefjell, er utsett for snøskredfare.  Foto: Skjermdump/Varsom.no

Det anbefalast å rekne med ekstra tid til transport og køyring. Riktige dekk skal nyttast og ein skal køyre etter forholda.

Det kan vere lokalt vanskelege køyreforhald grunna snø som pakkar seg i vegbana. Kolonnekøyring kan bli innført og/eller veger kan bli stengte på kort varsel.

Ferdsel i skredterreng er ikkje anbefalt. Skrefaren ligg på raudt nivå. Skred kan treffe skredutsette veger og bebygging. Snøskredproblem er fokksnø (flakskred) og vedvarande svakt lag (flakskred).

Reinheimen og Dovrefjell utsett

Varselet er basert på eit enklare datagrunnlag enn regionale varsel og vert publisert berre ved faregrad 4 og 5. Det er venta stor snøskredfare, som ligg på faregrad 4, i deler av regionen. Kraftig vind og mykje nysnø trekk langt inn i fjella frå nordvest og gir svært stor pålagring av fersk fokksnø. Store naturleg utløyste skred er forventa.

Det er hovudsakeleg dei delane av Reinheimen og Dovrefjell som ligg i Lesja og Skjåk kommune det er venta stor skredfare. Ver obs på at skred kan skje i andre område der mykje snø vert flytta av vinden.