Erland har to av landets beste oksar: – Ein kan rekne med at det blir gener frå Dovrelimousin i storfe over heile landet framover

Hardt arbeid kan lønne seg. Det fekk storfebonden Erland Wigenstad erfare denne veka.

To seminoksar: Erland Wigenstad hadde god grunn til å smile, etter at to av oksane hans vart kåra til seminoksar. Det vart feira med dottera Åsne på 4,5 månader sin fyste tur inn i fjøset.  Foto: Marit Nyhus

Nyheter

Han driv med storfe av rasen limousin på garden Nørdre Slette som han kjøpte i 2017. To av oksane hans vart denne veka teke ut som seminoksar ved teststasjonen Staur på Hamar.