Elevane er attende på skulen etter to veker med heimeundervisning: – Vi var betre førebudd denne gongen

9.-klassingane ved Dovre Ungdomsskule var midt oppe i det heile da det førre koronautbrotet trefte kommunen for snart tre veker sidan.

Ny runde med heimeundervisning: Christian Kleveland, Andre Almli, Oumou Hawa Diallo og Mari Schjelle ved 9. klasse på DUS har opplevd heimeskule for andre gong.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

Dei var ei av to skuleklasser på Dombås som vart direkte ramma av smitteutbrotet og vart sett i karantene, før heile skulen etter kvart vart sendt heim for å drive heimeundervisning.