Her sit Marius og Fredrik for å registrere deg under massevaksinering i Dovre

Kvar onsdag framover vil det vere massevaksinering av innbyggjarar i Dovre ved beredskapssenteret på Dombås.

Namn og fødselsdato?: Bak maskane finn vi Marius Nossum og Fredrik Amundgård frå smittesporingsteamet. Dei skal halde oversikt over kven som går inn for å ta vaksine på beredskapssenteret.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

Då Vigga var innom rundt klokka 12 onsdag 28. april, hadde 41 personar vore her for å få sitt første eller andre stikk. Totalt stod 108 skreve opp denne dagen.