Lars Martin og Olav sørgjer for lukta av rein bil

Nokre elskar å vaske bil, andre hatar det. Desse gutane har ei løysing for dei som høyrer til den siste kategorien.

Arbeidsliv: Lars Martin Møller og Olav Groven held på med siste finish på bilvasken.  

Nyheter

Det er tysdag morgon, og det har akkurat ringt inn til første skuletime på Lesja skule. Medan dei andre elevane går inn på kvart sitt klasserom, er det to gutar som går bortover skulegarden med bøtter, klutar og ein støvsugar. Gutane er Olav Groven (14) og Lars Martin Mølller (14) , og dei to skal i gang med sitt arbeid for dagen i arbeidslivsfag.