Frich-bygget er 50 år: - Eg er den som har «haldt ut» lengst

Den store, dominerande bygninga midt på sentralplassen er 50 år i år. I førsteetasjen finn vi Frichs Conditori og dette har eksistert nesten heile denne tida, med Anita Frich i førarsetet.

Konditorikvardag: 45 år omgitt av bakst, is og gjensyn med kundar, både frå bygda og langvegsfrå, har vore kvardagen til dagleg leiar Anita Frich.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

Sidan 1976 har Anita Frich jobba her, og ho tykkjer det har vore nokre fine år fylt med god bakst, flotte tilsette og gjensyn med gamle kundar.