Kallar inn til kyrkjelydsmøte – Vil orientere om blant anna «nye» Dombås kyrkje

Måndag 7. juni kallar Dovre Kyrkjelege Råd inn til kyrkjelydsmøte på Toftemo turiststasjon.

Kallar inn: Neste veke kallar Dovre kyrkjelege råd og kyrkjeverge, Elin Marit Andgard inn til kyrkjelydsmøte.  Foto: Simen Rudiløkken/arkiv

Nyheter

Dette er for alle medlemmar i Dovre og Dombås sokn. Møtet skulle vore annonsert i førre papirutgåve av Vigga, men fall ut.

- Det er som eit årsmøte utan val. Her vil rådet orientere om status på forskjellige sakar vi jobbar med, kva planar vi har framover og vi vil gå kjapt gjennom årsmelding og rekneskap. Vi vil også sjå på kva som vart gjennomført i 2020 og kva vi har drive med, seier kyrkjeverge, Elin Marit Andgard.

Jorunn Vang, som er rådgjevar hjå biskopen, vil orientere om ei medlemsundersøking om kva dei tykkjer om kyrkja.

- Vi vil også orientere litt om Dombås kyrkje, både når det gjeld prosess og når vi har noko å legge fram om synspunkt, seier Andgard.

Møtet vil gå føre seg på Toftemo turiststasjon fordi her kan dei nytte eit stort rom og sørge for å halde avstand mellom husstandar.