Aktivitetsleir til sommaren:

Skal lære ungdom om vedlikehald av traktor

Det er mange aktivitetar på programmet under sommarens aktivitetsleir for unge i Lesja og Dovre, deiblant korleis ein skal ivareta traktoren sin.

13 og oppover: Om ein har traktor og vil lære seg å ivareta den best mogleg, kan dette tilbodet vere for deg som er 13 og oppover.  Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix

Nyheter

- Det er mange ungdommar i bygdene våre som er interessert i traktor, så då ville vi vere med og demonstrere vedlikehald, fortel Torgeir Holen ved Felleskjøpet på Otta.