Bjørn Kåre tek med seg tingingsverket «Olavsong» til Lesja

– Dette er eit stort prosjekt, som det ligg utruleg med arbeid bak, seier folkemusikar Bjørn Kåre Odde frå Lom.

Konsertklar: Bjørn Kåre Odde har programmert og regissert konserten «Olavsong» saman med Aslak Brimi.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheter

I år er det 1 000 år sidan Heilag-Olav i følgje Snorre møtte hersen Dale-Gudbrand på Hundorp i 1021, ei hending som markerer skiljet på «gamal» og «ny» tid i landet. Dette jubileet skal markerast i heile Gudbrandsdalen i år, og i Lesja kulturhus blir jubileet markert med konserten «Olavsong» fyrstkomande sundag, 6. juni. Hovudverket «Olavsong» er eit tingingsverk, som Lom kommune har tinga.