Nå er det kjeveortoped på plass på Otta

Innlandet fylkeskommune har nå fått på plass ein kjeveortoped på Otta tannklinikk tre dagar i månaden. Tilbodet vil truleg bli utvida etter kvart.

Betre tilbod: Det er nå på plass ein kjeveortoped på Otta tannklinikk tre dagar i månaden  Foto: Tom Erik Solstad/Fjuken

Nyheter

Fram til nå har folk i Nord-Gudbrandsdal måtte køyre lange avstander for å koma seg til ein kjeveortoped. Både Innlandet fylkeskommune og fylkespolitikarane har lenge arbeidd med å få til ei betre løysing, slik at ein slepp å ta seg fri ein heil dag for å koma seg til kjeveortoped for konsultasjonar og behandling.