Marit vart lesjisk meister i gåstrikking

I høve Verdsdagen for strikking arrangerte Lesja Husflidslag laurdag føremiddag «Lesjisk meisterskap i gåstrikking».

Best på gåstrikking: Marit Løvlid Åsarmoen (t.h.) var best på å gå og samstundes strikke og vart lesjisk meister. Her saman med leiar i Lesja husflidslag, Sigrun Doseth.  Foto: Monica Hjelle

Nyheter

Usikker på kva gåstrikking er? Reglane er enkle; du legger opp 20 masker før start og strikker deretter så mange rundar du klarer medan du går 500 meter. Eigentleg er arrangementet eit nasjonalt arrangement, NM i gåstrikking, og da går du i tillegg på tid. Men lesjingane heldt det uformelt og utan tidspress, og nestleiar i husflidslaget, Ellinor Reitan, var etter eiget utsegn med som bjøllesau for å halde orden i rekkene.