Arrangerer Olavsvandringen 2021

Pilegrimsdager vert det ikkje noko av på Dovrefjell i år heller, men det er difor innført noko anna.

Velg sjølv: - Dei som vil kan bli med heile vegen eller bli med på delar av den, fortel pilegrimsrest, Hans-Jacob Dahl.  Foto: Anne Marie Aa/arkiv

Nyheter

- Det var sist i 2019 og vi veit ikkje korleis det utviklar seg. Men difor har vi hatt ei anna ordning på det no i år som eg kallar Olavsvandringen. Det er ei stor markering på Hundorp som startar fredag 23. juli, fortel pilegrimsprest, Hans-Jacob Dahl.

Dette er dedikert til minnet om då Olav den hellige møtte Dale-Gudbrand på Hundorp. I Snorres kongesaga kan vi lese om Olav si reise fram til Hundorp. Han kom opp Romsdalen til Lesja og Dovre, reiste vidare gjennom Lordalen til Lom, Skjåk og Vågå. Derfrå drog han til Sel før han drog ned dalen til møtet på Hundorp.

Det er denne reisa og forteljingane som knyt seg til dei ynskjer å løfte fram gjennom dette arrangementet.

- Dei som vil kan bli med heile vegen eller bli med på delar av den, fortel Dahl.

Det vil vere ymse arrangement i Skjåk, Lom og Jørundgard, som er plassane dei når undervegs.