Skogingane står saman for ei god sak

Butikken er på mange måtar hjartet i bygdene våre. Det er truleg einaste staden ein kan få gode samtaler med på kjøpet. Den høver også godt til arrangement som kjem grenda til gode. Alt dette opplevde vi utanfor handelsforeininga på Lesjaskog sist laurdag.

Dugnadsgjeng: Denne gjengen arbeider for at parken ved Eldres Senter på Lesjaskog skal bli ein realitet. Frå v. Jørn Sæther, Ellinor Torsgård Solheim, Harald Nystuen, Rune Aaheim, Lilly Bjølverud, Torunn Enstad, Hanne Skomakerstuen, Grete Brøste, Aadel Skotte og Ole Jo Rundtom. 

Nyheter

Dei som kom, slo minst to fluer i ein smekk. Ikkje berre trefte dei slektningar og gamle kjente, dei støtta også ei god sak. Overskotet frå utlodding og sal av elgburgarar gjekk nemleg til den planlagde parken ved Eldres Senter. Sidan gåvmilde bedrifter bidrog med gevinstar og mat, vart det cash i kassa. Bjorli Fjellmat AS som spanderte dei smakfulle og stuttreiste burgarane, spelar såleis på lag med bygdesamfunnet. Det same gjer mange andre som har løyvd pengar til prosjektet.