Heidra 40-åring med kulturpris

Det var duka for fest i Tunstugu på bygdetunet i Lesja da det lokale historielaget tok imot kommunens kulturpris for 2020.

Kulturprisvinnarar: Tidlegare formann Oddvar Romundset og noverande formann Einar Morken i Lesja historielag tok imot Lesja sin kulturpris for 2020 frå ordførar Mariann Skotte. 

Nyheter

I februar vart det bestemt kven som skulle få fjorårets kulturpris i Lesja. Som følgje av pandemien har prisutdelinga vorte utsett, men konferansier Ellen Sørumgård Syse meinte det var passande å leggje utdelinga til jubileumsåret til historielaget, som vart stifta ved sitt fyrste styremøte den 22. mai 1981.