Marit er ny dagleg leiar for kafeen: – Eg måtte ta nokre rundar med meg sjølv og familien

Kafeen i Lesja sentrum får nytt liv att i løpet av hausten. Marit Tordhol er no tilsett som dagleg leiar av selskapet som vart etablert for å vidareføre kafédrifta i sentrumslokala.

Ny dagleg leiar: Marit Tordhol blir ny dagleg leiar og kafévert i Lesja sentrum, og ser med skrekkblanda fryd fram til å starte opp att drifta.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

Lesja kommune og Lesja og Lesjaskog bondelag gjekk i sommar saman for å danne aksjeselskapet, som har fått namnet «Lesjabygde kafé». Tordhol vart tilsett som dagleg leiar frå og med 1. september, og har planar om å få i gang att drifta om ein månads tid.