Evaluering av årets stillingsslepp: – Dei aller fleste er svært positive

Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal har no kome med ei evaluering og statistikk frå årets stillingsslepp.

Prosjektmedarbeidar Christoffer Biong ved regionrådet i Nord-Gudbrandsdal.  Foto: Arve Danielsen/Fjuken

Nyheter

Dei siste to åra har regionrådet arrangert stillingssleppet for heile Nord-Gudbrandsdalen, der ein finn samla oversikt over ledige stillingar i regionen. Målet er auka tilflytting og fleire innbyggarar, samt gjera det enklare å finne jobb til to og få fleire stillingar offentleggjort.