No har ungdommen fått koronavaksine: – Det gjekk jo så fort

Ungdom i både Lesja og Dovre har fått tilbod om koronavaksine. Og det var ikkje noko å kvi seg for, skal vi tru elevane Vigga prata med på Lesjaskog.

Fort gjort:. Kristen Bakken får vaksinestikket av helsesjukepleiar Kjersti Åvangen Flittie. Det var litt vondt, men var fort gjort.  

Nyheter

Tidlegare denne månaden opna Folkehelseinstituttet (FHI) for at ungdom frå årskulla 2006-2008 også skal få tilbod om koronavaksine. I tillegg skal alle fødd i 2009 får tilbod så snart dei har fylt 12 år. Det er bestemt at vaksinasjonen skal bestå av éi dose i første omgang. FHI seier at ungdom i alderen 12-15 år generelt har svært god effekt av vaksinasjon.