Ho vert ny helse- og omsorgsleiar i Dovre: - Vil nytte dei erfaringane eg har til å skape god utvikling

Hilde Engvik Lusæter tek på seg jobben som helse- og omsorgsleiar i Dovre kommune etter nyttår. Etter fleire år i same jobb, ser ho fram til nye utfordringar.
Nyheter

Sidan 2010 har Engvik Lusæter jobba i PP-tenesta for alle dei seks kommunane i Nord-Gudbrandsdalen, og Sel er vertskommune.