Markerte «Tilbake til idretten» med Lesja og Lesjaskog Open

Den årvisse turneringa som markerer at nok ein fotballsesong i Lesja er over, gjekk av stabelen søndag. Grunna vanskelege vêr- og føreforhold vart arrangementet flytta frå Lyftingsmo til idrettshallen på Lesja.
Nyheter

Denne gongen var oppladinga og oppvarminga litt spesiell. Før dei 55 store og små gav seg i kast med lêrkula, fekk dei nemleg servert marsipankake. Om dette var etter instruks frå Noregs Idrettsforbund, skal vera usagt.