Marit Gunhild vart fyrste vinnar i Heimkjær-kampanjen

Viggas Heimkjær-kampanje er i gang, og i den anledning kan kundar i Lesja og Dovre vere med i trekning av premiar.

Bunnprisgåvekort: Butikksjef Randi Løkken Asphol overrekte den fyrste Heimkjærpremien til vinnar Marit Gunhild Flittie fredag.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

Fyrste premie ut var eit gåvekort på 1000 kroner frå Bunnpris på Dombås. Den heldige vinnaren vart Marit Gunhild Flittie, som har lasta ned og teke i bruk Handle Lokale-appen.

– Det er bra med fokus på å handle lokalt, meiner vinnaren som fredag vart overrekt premien sin.

Kampanjen set fokus på at det er lurte å nytte seg av butikkar, bedrifter og arrangement i bygdene våre. For å delta må ein laste ned appen «Handle Lokalt», og skanne QR-kode som ein finn hjå dei lokale bedriftene som er med i kampanjen.

Hovudpremien er ein Citroën ë-C4 elbil for bruk i eit år, og vinnaren vil bli trekt ut i juni 2022.

11 bedrifter er allereie med i kampanjen, og fleire skal det bli.

Hovudpremie: Bruken av ein Citroën ë-C4 elbil i eit år er hovudpremien i Vigga sin "Heimkjær-kampanjane".  Foto: Anne Marie Aa