Ragnhild Skaalgaard og Ola Brækken viser vegen og svingen der sverdet og skjelettet var funne. Her låg det før ein haug som heitte Bilshaugen, men denne var ikkje lenger synleg i 1982. Tunplasseringa har endra seg mykje sidan vikingetida.

Skålgård - Ein del av eit maktsentrum i vikingtida?

I 1981 skulle dei nye brukarane på Skålgård, Ola Brækken og Ragnhild Skaalgaard, ordne seg ny avlingsveg. Vegarbeidet førte til eit spektakulært oldtidsfunn.