Boka om Sveen-kunstnarane:

– Ein skatt er funne

I eit brev til foreldra på Lora skriv Otto Sveen at han skal lage eit relieff i bronse av Per Nordsletten (1837 – 1923). Brevet som er datert 21. mai 1935, dukka opp under arbeidet med boka om den gåverike Sveen-slekta.

Kristoffer Hole med relieffet av Peder Nordsletten som han fann i vedskjulet på eigedomen til onkelen Einar og tanta Marie.   Foto: Ove Kirkestuen

Nyheter

Otto Sveen (1910-1997) studerte ved Kunstakademiet i Oslo då han fekk oppdraget, tolv år etter at predikanten frå garden Nordsletten mellom Lesjaverk og Lesjaskog gjekk bort. Opphavleg heitte han Peder, men han endra namnet sitt då han tok imot frelsa 21 år gamal.