Peder Nordsletten - Den store predikanten som elska Dalsida

Over store delar av Austlandet, Møre og Trøndelag preika han eit strengt evangelium med blod og syndefall. Men når han kom til Aursjøen og Torbuvatnet og fjellviddene rundt, var det villreinen og fjellauren som opptok sinnet hans.

Den store predikanten, Peder Nordsletten, var ein rørsleg kar. Her framfor gamlestugu i Nordsletten i 1915. Kvinna på bildet er Marit Mølmen. Mannen i bakgrunnen er Otto Mølmen.   Foto: Lesja kommune sitt arkiv

Nyheter

Peder Nordsletten (1837 – 1923) var ikkje berre predikant i Hans Nielsen Hauge sin ande. Han var kanskje den største fjellmannen frå Lesja som har sett sine store sko på Dalsida. Han er utan tvil den fysisk sterkaste. Fisketønner på 150 kilo som han bar under éin arm, slengde han opp på kjerrer og kløvhestar.