Siste «Dovrebygde» med Asbjørn bak roret

På Toftemo er det lansering av det nye årsskriftet til Dovre historielag på torsdag. Redaktør Asbjørn Amble er fornøgd med produktet, og seier samstundes takk for seg etter ni år og ni utgåver av Dovrebygde.

9 års redaktørjobb: Asbjørn Amble er ferdig som redaktør for Dovrebygde, og vil no sleppe til nye krefter.  Foto: Marit Tynnøl

Nyheter

Boka har om lag 18 artiklar om ymse emne, skriven av om lag 13 ulike menneske. Redaktøren peikar på ein artikkel om livet i lækjarhuset Breidablikk, og om arkitekten bak bygningen, dessutan eit oppvekstminne frå 70-talet, skriven av Inger Johanne Solli. I 90-årsalderen skreiv Simen Rudin sine erindringar frå livet i fangenskap, både i Kirkenes, på Grini og i fangeleirar i Nazi-Tyskland. Og Dovrefjell var faktisk ein del av Sverige på 1600-talet, ei ufredeleg tid. Elles er Dovrebanen sjølvsagt eit naturleg tema i jubileumsåret. I boka Dovrebygde er det mykje som både opplyser og underheld.