Bjorli Skiheiser med overraskande gåve til skuleelevane

Torsdag fekk 3. og 4. klassingane ved Lesjaskog skule overraskande besøk. Det vart stor glede da Anne Cathrine Enstad og Stian Amundsen delte ut gåvekort, som kan bytast i sesongkort og glade dagar i skibakken på Bjorli.

Jubel før ny skisesong: Bak frå venstre: Driftsleiar i Bjorli skiheiser Stian Amundsen, Syver Thøring Mømb, Åmund Stigen Nystuen, Linnea Lønstad Bakken, Solveig Bjorli, Ane Grev Thøring, Casper Jørgensen-Olsen, Anne Cathrine Enstad. Framme frå venstre: Erika Lotten, Even Lotten og Tuva Emilie Skarphol Amundsen. 

Nyheter

Elevane frå Lesjaskog er ikkje framande for skileik i snøen. Dei fleste har prøvd skiheisen, og fleire fortel at dei har gått på ski sidan dei var berre eitt, to eller tre år. Somme har prøvd snøbrett også, og Solveig Bjorli (10) fortel at ho skal få låne brett av nokre yngre vener. Endeleg skal ho få teste snowboard, når berre vinteren er i gang og bakken er klar. Nett no, utanfor klasserommet, er det litt regn i lufta.