Symjehallane i Lesja og Dovre er opne att

Etter ei lang periode utan offentleg bad, grunna blant anna pandemi og sommarstengt, er endeleg alle dei kommunale symjehallane opne att.

Vinterbad: No kan folk endeleg vitje symjehallen att.  Foto: ARKIV/Magne Vorkinn/Dovre kommune

Nyheter

På Lesjaskog er det høve til eit deilig varmt bad. Her ligg temperaturen vanlegvis på 31-33 grader. Familiar med born under skulealder kan bade frå kl. 16 til 18.30 på måndagar. Same dagen frå klokka 19.30 er det bading for vaksne. Dette er trening i vatn med instruktør, og kroppen blir mjuk og god attpå ei slik treningsøkt, fortel Einar Morken. Det er Lesjaskog sanitetsforeining som betaler for oppvarminga.

Kald start

Lesja symjehall hadde litt startproblem og ein badetemperatur kring 23 grader førre veke. No har denne normalisert seg på kring 28 grader, fortel Helen Steinsheim på Lesja skule. Opningstidene er som før, tysdagar og fredagar kl. 17-21.

På Dombås bytta dei vekedag i fjor, og har ope tysdagar og torsdagar kl. 18-21. Her ligg temperaturen på vel 28 gradar, fortel vaktmeister Egil Ulsletten.