Arbeidet med gang- og sykkelvegen Solsida-Bjorli held fram

Plansjef Rigmor Bøe i Lesja kommune seier reguleringsplanen for gang- og sykkelvegen mellom Lesjaskog og Bjorli blei vedteken allereie i juni 2018. Saka ligg no hjå Vegvesenet, og dei driv i vinter med grunnerverv.

Snart ny gangveg: No arbeidast det med grunnerverv på strekningen Solsida-Bjorli.  Foto: Arkiv

Nyheter

Arbeidet med grunnerverv har teke ekstra tid, sidan det har kome fram ønskje om andre trasèval enn dei som ligg i reguleringsplanen. Det ligg eit bevilga beløp til gangvegen i kommunebudsjettet. Dette har blitt skuvd framover, år for år, og truleg blir summen også med vidare etter budsjettmøtet i desember.