Pål Kristian måtte få spesialhjelp frå Lesja til garden på Sunnmøre

Det er ikkje mange maskinfirma som kan kunsten å dyrke opp ny jord. Da sunnmøringen Pål Kristian Vedeld trong meir jord, og ville dyrke opp noko av utmarka si, ringte han rundt og fekk mange negative svar. Løysinga vart å ringe Lesja Bulldozerlag.

Nydyrking på Sunnmøre: Her har Lesja Bulldozerlag kome til gards, og maskinene står klare.  Foto: Lesja Bulldozerlag

Nyheter

Å kjøpe rundballar eller leige jord er dyrt i lengden, og ein blir heller ikkje alltid like fornøgd. Pål Kristian Vedeld, som har slekt på Lesjaskog, fann difor ut at han ville dyrke opp noko av utmarka på eigedommen, lenger oppe i dalen.