Iselin og Ingrid ber innbyggjarane om hjelp

Kva er det som skal til for at du, som 55 år eller eldre i Nord-Gudbrandsdalen, skal meistre kvardagen og ha ein aktiv alderdom i framtida?

Ber om hjelp: – Dess fleire som svarar på spørjeundersøkinga, dess betre grunnlag får vi for å planleggje løysingar i møte med ei aldrande befolking, seier Iselin Vistekleiven og Ingrid Husom.   Foto: Vigdis Kroken/Fjuken

Nyheter

Prosjektleiar i Regionrådet for Nord-Gudbrandsdalen, Iselin Vistekleiven, og Ingrid Husom, prosjektleiar for «Framtidig bu- og tenestetilbod» i Lom, ber innbyggjarane i Nord-Gudbrandsdalen om å svare på eit spørjeskjema som snart blir lagt ut på dei kommunale heimesidene.