Populært møte ved gryta

Norsk smaksskule har hatt mange arrangement i november, blant anna ein nærtur frå Dombås sentrum. Eit tjugetals personar, godt skodde og fleire med stavar, tok følgje med Wiggo Vasshaug forbi Heimevernsskulen og opp gjennom Hindåfeltet. Turen gjekk vidare opp langs ein snøkledd skogsstig fram til den flotte gapahuken i Larslykkja. Her vart det servert supe og gode historier.

Wiggo og gjengen: Dyr og folk er klare for tur. 

Nyheter

DNT Gudbrandsdalen vart stifta i 2006, og dei arrangerer stendig turar med ulike turleiarar. Wiggo Vasshaug er DNTs lokalkjente guide, og kan fortelje mykje om både fjell og buplassar, til dømes ved Toftetunga. Folk som bur i Hindåfeltet kan berre krysse åa, så går det ein god og lettgått stig heile vegen til Villmannsbu, fortel Vasshaug. Dagens turfølgje skal ikkje riktig så langt, for eit varmt måltid i gapahuken er målet i dag.