Brynjar fekk tildelt NJFFs gullmerke: – Det er mange dugnadstimer som ligg bak

Under landsmøtet til Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) på Gardermoen i helga vart forbundets gullmerke delt ut til fire eldsjeler.

Gullmerke: Brynjar Berge frå Dombås fekk denne helga tildelt NJFFs gullmerke.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

Ein av desse vart tildelt Brynjar Berge frå Dombås. 61-åringen har gjennom mange år lagt ned ein betydeleg innsats i tillitsvaldsapparatet i NJFF, og vore med på ei lang rekke samlingar gjennom sine mange verv.