SFO-borna reddar maten

Borna i Dovre SFO skal lære om berekraft og matglede. Samstundes må alle daglegvarebutikkane kaste mykje frukt og grønt, som dei ikkje vil eller kan selje. Dei SFO-tilsette tok i haust kontakt med KIWI, og no kosar dovreborna seg med mykje deilig knask, som dei får heilt gratis.

Mykje godt: Alma Sørum Hole let seg friste.  Foto: Marit Tynnøl

Nyheter

Mykje frukt er ikkje salgbar. Kundane vil ha det beste, og dersom frukta eller grønnsakene ikkje er perfekte, må dei berre kastast. Dette er ikkje berekraftig, og nokså dumt, tenkjer borna ved Dovre SFO, medan dei knaskar og smakar mykje ulikt som er henta frå butikken.