Tøndevoldshagen er i gang med ny stilling i Lesja kommune

Brannsjef Åge Tøndevoldshagen har fått den nyoppretta stillingen som prosjektansvarleg i Lesja kommune. Han skal følge opp konkrete investeringsprosjekt og sikre god gjennomføring og kvalitet.

Mykje på trappene: Åge Tøndevoldshagen gler seg til oppgåvene som prosjektansvarleg i Lesja kommune. 

Nyheter

Tøndevoldshagen seier jobben er kjempespennande. Det er mykje å setja seg inn i, for det er mykje som skjer i kommunen, ikkje minst på Bjorli. Han har også ansvar for økonomien i prosjekta. Prosjekta blir fyrst behandla politisk, og kjem inn i budsjett og økonomiplan. Ved prosjektoppstart får Tøndevoldshagen ein konkret bestilling frå kommunedirektøren. Dei to vil samarbeide tett. Det mest konkrete han arbeider med nett no er vatn- og avløpsstrengen mellom Lesjaskog og Åheim.