Lesjaskog pensjonistlag har fått støtte til trivselstiltak - Inviterer til spesielt julebord

Statsforvaltaren i Innlandet har i heile 2021 delt ut pengar til trivselstiltak for den godt vaksne befolkninga, og Lesjaskog pensjonistlag har fått av dei pengane.

Julebord: Lesjaskog pensjonistlag inviterer til julebord på Solheim.  Foto: Aud Einbu

Nyheter

Dei skal i år ha julebord på bygdahuset Solheim på Lesjaverk. På grunn av støtta blir alle over 67 år som bur i Lesjaverk, Lesjaskog og Bjorli blir invitert på dette spesielle julebordet.

Der vil det bli servert mat frå Frich's Kafeteria, som lagar maten og køyrer den til Solheim.

– Solheim har ikkje noko hotellkjøken, men det er eit kjent hus for dei fleste, med god og lun atmosfære. Det er lettare å frakte maten frå eit godt kjøken til bygdahuset, enn å frakte alle deltakarane til eit hotell. Der blir både dei varme og kalde rettane lagt pent på fat og servert. Dette vil bli like flott som eit hotelljulebord, seier Aud Einbu i pensjonistlaget.

Toraderklubben På 2. rad har også god underhaldning på lur, og dei vil også spela slik at den som vil svinge seg litt i dansen kan gjera det.