Nord-Gudbrandsdals fyrste servitørlærling

Camilla Vordahl Brukveen (21) frå Lom skal om berre eitt år ta fagprøve i servitørfaget. Ho trivst på Avdemsbue, og synest det er spennande å få litt meir teoretisk tyngde i yrket sitt.

Postivt for Avdemsbue: Kjøkkensjef Hans Marius Nuvstad og Anna Haugstad Avdem heier på Camilla Vordahl Brukveen.  Foto: Marit Tynnøl

Nyheter

Det er kjøkkensjef Hans Marius Nuvstad som er fagansvarleg, og skal legge til rette for at Brukveen får ei god læretid. Brukveen hadde mykje relevant arbeidserfaring frå serveringsbransjen, og fann ut at ho kunne ta lærlingetida over relativt kort tid.