Ny og berekraftig tekstilbruk :

Feira den nye sømlina med Mytting-besøk

Støttespelarar frå heile landet var invitert til Dovre, for å feire den nyoppretta lina i søm og tekstilhandverk ved Hjerleid handverksskole.

Endeleg, etter 27 år: Rektor Helle Hundevadt leia feiringa av det nye studietilbodet på Hjerleid.  Foto: Marit Tynøl

Nyheter

Det var mange som ville kome med helsingar og gåver, og Bjørn Sigurd Glorvigen ramma inn det heile musikalsk. Hovudattraksjon var forfattar Lars Mytting, som kom og fortalde om arbeidet med boka Hekneveven og sin fascinasjon for tradisjonelt handverk.