Johanne Killi kom på tredjeplass i slopestylefinalen

I Stubai i Austerrike gjennomførte Killi eit godt andre-run og heva seg frå 6. til 3. plass.

Ein god tredjeplass: Johanne Killi heva seg i andre omgang.  Foto: Geir Olsen / NTB

Nyheter

På same staden i fjor fekk Dombås-jenta andreplass i slopestyle. Utøvarane køyrer to runs, der berre den beste omgangen tel. I sesongens fyrste slopestylerenn oppnådde Johanne Killi 49.69 poeng etter fyrste run, og var da på ein sjetteplass. Ho måtte såleis trykke til i andre run.